- Disse kremene virker!

Kjendisstylist Jan Thomas Mørch Husby er ikkje I tvil om at antirynke augekremar virkar.

 

Han plukkar raskt ut to av dei kremane som er med i Forbrukerrapporten sin store test av antirynkeaugekremar, og slår fast at han av eigen erfaring veit at både Nivea Visage anti-wrinkle Q10 Plus og Dr. Brandt lineless eye cream virkar godt.

Liten effekt

Forbrukerrapporten har testa og samanlikna 17 ulike antirynke augekremar på 110 kvinnelege testdeltakarar mellom 35 og 65 år over ein periode på seks veker.

Du kan lese meir om korleis Forbrukerrapporten har utført testen her.

Det er ingen grunn til å vente seg ein revolusjonerande effekt. Generelt gir dei beste kremane i testen i beste fall ein liten reduksjon av rynkene. Dessutan verka ingen av kremane for alle deltakarane, og dei som verka på nokre hadde ingen effekt i det heile på andre.

Fire av kremane i testen viste seg å ha litt betre effekt, men berre tre av dei er å finne i norske butikkar. Likevel kan du altså ikkje vere sikker på at akkurat desse kremane har nokon effekt på akkurat deg.

Kva så med påstanden til Jan Thomas om kva produkt som er best? Hadde han rett? Ja, stylisten plukka ut to av dei tre produkta som kom best ut i testen.

Les meir om testen og alle dei 17 produkta som er testa hos Forbrukerrapporten.

Nivea

Visage anti-wrinkle Q10 Plus

Dette er er den kremen som flest av testarane sa dei ville bruke igjen.

Kr. 108,-

Dette er eit av dei produkta som gjer det best i testen Nivea reduserte dybde og lengde på rynkene til rundt halvparten av testpersonane. Dei meinte også at den var lett og fin på huda og at den fukta godt. Ni av 11 meinte at den reduserte mørke ringar under augene. Dette er er den kremen som flest av testarane sa dei ville bruke igjen.

Olay

total effects 7-in-1 anti-aging booster eye transforming cream

Testarane likte at denne kremen føltes lett og naturleg på huda

Kr. 159,-

Kremen reduserte rynkene for kring halvparten av deltakarane. Testarane likte at denne kremen føltes lett og naturleg på huda og at den trakk lett inn, men meinte at den ikkje reduserte mørke ringar under augene. Olay kom også godt ut av ein test Forbrukerrapporten gjorde av antirynkekremer for ansiktet i 2007.
 

Dr. Brandt

Lineless eye cream

Dyr krem, men trekker godt inn I huda og reduserte rynker for kring halvparten av deltakarane.

Kr. 645,-

Dr Brandt er ein dyr krem, men trekker godt inn I huda og reduserte rynker for kring halvparten av deltakarane. 9 av 11 meinte at kremen reduserte mørke ringar under augene.

 

L’Oreal

Paris Advanced Revitalift eye anti-wrinkle & firming eye cream

Denne kremen frå L’Oreal gir middles effect viste testen

Kr. 99,-

Denne kremen frå L’Oreal gir middles effect. Trakk lett inn I huda og gjorde den mjuk, men Forbrukerrapporten fann ingen eintydige forbetringar for rynker etter seks veker. Kremen er billig.
 

Boots

No 7 Protect & Perfect eye cream

Testen vista at Boots No 7 har berre middles effekt

Kr. 229,-

Kremen lovar å jage vekk skyggar og gi huda ein skinnande glød, i tillegg til at den skal glatte ut rynker. Men den har berre middles effekt, sjølv om testpanelet synest den er lett og glatt på huda.
 

Clinique

Repairwear Intensive eye cream

Clinique er relativt dyr, men har likevel berre ein middles effekt mot rynker

Kr. 350,-

Clinique er relativt dyr, men har likevel berre ein middles effekt mot rynker. Trekker let t inn og gjer huda mjuk.
 

Clarins

Paris Advanced extra-firming eye contour cream

Dyr krem som bare har middels effekt.

Kr. 455,-

Clarins har middels effekt, er dyr og påstår at den er “Fragrance-free”. Kremen inneheld likevel to parfymestoff som star på EU si liste over ekstra allergiframkallande stoff.
 

Garnier

Skin Naturals Ultralift anti-wrinkle firming eye cream

Testarane fann ingen entydig effekt sjølv etter seks veker

Kr. 121,-

Garnier er blant dei rimlegare kremane, og lovar påvist effekt etter både en time, ein månad og etter fire veker. Testarane derimot fann ingen entydig effekt i reduksjon av rynker sjølv etter seks veker.