Feil farge!

Enorme forskjellar på fotolerret!

No kan du få favorittportretta dine på lerret. Enten det dreier seg om bilder av gullungen, konfirmanten, brudeparet eller kanskje er det rett og slett deg sjølv du vil ha opp på veggen?



 

Vi ville teste kvaliteten på slike lerret frå seks av dei store leverandørane på markedet: Eurofoto, Foto Knudsen, Extrafilm, Elite foto, Japan Photo og Elkjøp.

Vi sendte inn to bilder. Eit av Mina og eit bilde av Solveig som er tatt av portrettfotograf Dag E. Thorenfeldt. Prisene i testen er basert på fotolerret i størrelse 20 x 30 cm.

LES OGSÅ:
Test av speilreflekskamera

Deretter blei bilda vurderte av Dag E. Thorenfeldt, fotograf Espen Tranøy og Stig Flø som er teknisk leiar på Oslo fotokunstskole.

Testpanelet var ikkje imponert over resultatet og meiner at dei fleste av bildene ikkje hadde riktig farge. Så godt som alle produkta fekk kritikk fordi dei hadde for mykje rødtone i bildet.

Ser du bilda i dagslys er resultatet litt betre. Konklusjonen er at testen har ein klar tapar, men at det er jamt i toppen.
 

Japan Photo

Best i test!

Kr. 248,-

Sigeren går til Japan Photo. Det er ca 250 kroner billegare enn det dyraste produktet i testen. Får ros for fine hudtonar

Extrafilm

Nest billegast i testen.Fine bilder.

Kr. 334,-

Extrafilm har fine bilder, men det er ikkje like god kvalitet på dei to bildene vi fekk levert. Også Extrafilm får kritikk for rosa tonar i bildet. Nest billegast i testen gir altså andreplassen.

Elkjøp

Grei kvalitet og midt på treet prismessig

Kr. 380,-

Elkjøp er med blant dei tre på topp. Grei kvalitet og midt på treet prismessig, men bildet av Mina får trekk for rødtonar

Foto Knudsen

Bra kvalitet, men er dyrast i testen og har lengst leveringstid

Kr. 504,-

Foto Knudsen har betre kvalitet, men er dyrast i testen og har lengst leveringstid.
Særleg Foto Knudsens bilde av Solveig får bra karakter, mens bildet av Mina får trekk for litt mykje rødskjær.
 

Eurofoto

Rask levering, men er dyre og overbeviser ikkje kvalitetsmessig

Kr. 464,-

Eurofoto er raske til å levere, men er dyre og overbeviser ikkje kvalitetsmessig. Særleg bildet av Mina får dårleg karakter, uskarpt og fargane er for grå.

Elite Foto

Ein soleklar sisteplass i testen til Elite foto

Kr. 400,-

Ein soleklar sisteplass i testen til Elite foto. Feil fargar, uskarpt bilde, stygge overgangar mellom lyse- og mellomtonar . Rask leveringstid kan ikkje hindre strykkarakter. Rett og slett elendig kvalitet, er den samstemte dommen frå panelet