Lillebror utfordrar storebror. Sjå kven!

Heilt sidan oktober har Robsahm vore i full aktivitet med å teste 11 proffdrillar på 14,4 volt, 2 proffdrillar på 10,8 volt, 8 amatørdrillar på 14,4 volt og 3 amatørdrillar på 10,8 volt. Han har skrudd meir enn 19 000 skruar, og testa alt minst to gonger.

Dersom du ikkje ynskjer å kjøpe ein 14,4 volt drill, men heller vil satse på 10,8 volt, gir vi deg eit lite oversyn over kva drill du bør satse på i denne kategorien.

Mellom anna har vår test avslørt at ein av amatørdrillane på 10,8 volt er betre enn dei aller fleste amatørdrillane på 14,4 volt, så dersom du vil ha ein drill for under tusenlappen, kan dette vere det beste valet. I tillegg kan det, sjølv for ein amatør, vere verdt å ta ein kikk innom proffdrillane på 10,8 volt – her kan du få ein drill som skruar betre enn dei beste amatørdrillane på 14,4 volt, utan at det blir så alt for mykje dyrare.

Likevel er det viktig å tenkje over kva du skal bruke drillen til, kor ofte du bruker han og kva funksjonar du har størst behov for, før du vel kva for drill du vil satse på.

I testen har vi ikkje gitt pluss til dei drillane som har både bore- og skrufunksjon, men her har vår drillekspert Otto Robsahm si klare meining om kva det ville betydd for resultatet.

– Dersom eg skal anbefale ein av proffdrillane på 10,8 volt, vil eg ikkje anbefale den Hitachi-drillen som vann testen, men heller drillen frå Bosch, då sistnemnde kan både skru og bore, medan drillen frå Hitachi er ein rein skrudrill, slår Robsahm fast. Kanskje noko å hugse på når du skal kjøpe drill?

I amatørklassen (10,8 volt) må du rekne med ei ladetid på 3-4 timar, og den beste drillen skrur kring 170 skruar før batteriet er tomt.

Dei dårlegare drillane rekk berre 70-80 skruar før batteriet gir seg. Alle prisane er vegleiande butikkprisar levert frå leverandør, og om du leitar litt etter tilbod og kampanjar ute i butikkane, kan du gjere eit priskupp.

Bosch

PSR 10,8

Kr. 898,-

- Denne drillen vart eg verkeleg positivt overraska over, fortel Otto Robsahm. Ein lett og god drill som både borar og skrur, batterilevetida er over all forventning og utklassar dei andre 10,8 volt amatørdrillane. Når i tillegg ladetida er kortast i klassen og lyset er perfekt plassert, er dette absolutt ein drill å anbefale – også som alternativ til mange av amatørdrillane på 14,4 volt.
 

Hitachi

DB10DL

Kr. 1 440,-

Av proffdrillar i 10,8 voltklassen, er det Hitachi som vert testvinnar ut frå dei kriteria vi har vurdert. Dette er ein liten og lett drill som er god å bruke, og som har god batterilevetid. Likevel kan det vere verdt å merke seg at dette er einaste proffdrillen vi har testa som er ei rein skrumaskin, og som altså ikkje har borefunksjon.

Bosch

GSR 10,8 V-Li-2

Kr. 1 733,-

Denne skrudrillen frå Bosch scorar middels på alle våre testar, er ei kombinert bore- og skrumaskin som har mykje ekstrautstyr. Likevel ein litt stor og klumpete drill, der lyset er dårleg plassert
 

TeQ

TOP-1125

Kr. 595,-

Denne drillen frå TeQ (Byggmakker) er liten og lett, men det er ikkje mykje positivt å trekkje fram ut over det. Denne drillen er ei billig skrumaskin utan borfunksjon og utan lys. Han har kort batterilevetid og lang ladetid, og du får mykje meir for pengane og ein langt betre skrudrill om du er villig til å punge ut med nokre hundrelappar ekstra og kjøpe testvinnaren
 

Einhell

BT-CD

Kr. 790,-

Drillen frå Einhell er lettare og betre å halde enn TeQ-drillen på plassen over, men taper stort på ladetid. Drillen imponerer heller ikkje på batterilevetid, men kan skilte med både bore- og skrufunksjon. Du kan nok gjere eit betre kjøp enn dette.